GRENSELAND: Shai Hermesh har levd det meste av livet sitt nær Gaza, og livet i kibbutzen har vorte vanskelegare dei siste åra. Foto: Hjelp Jødene Hjem.

Blir verande trass i rakettregnet frå Gaza

Israelske Shai Hermesh både elskar og hatar livet nær Gaza. På motsett side av grensa har han venner han snakkar jamleg med, men ikkje lenger kan møta.

Den israelske politikaren var frå 1987 til 2002 borgarmeister i ei klynge av kibbutzar og mindre byar i Israel som utgjer Sha’ar Hanegev-regionen tett på Gaza.

Her ligg den hardt prøva byen Sderot som har vore mål for tallause rakettangrep. Heile omlandet risikerer òg å bli skutt på, og tusenvis av rakettar er sendt inn over Israel frå Gaza dei siste åra, fleire hundre berre dei siste dagane i samband med den siste opptrappinga av konflikten mellom Israel og militante grupper som Hamas.

15 sekund

Hermesh har vore gjest hos Hjelp jødene hjem (HJH) denne veka, i samband med årsmøtet til organisasjonen. Hermesh sat i Israels nasjonalforsamling, Knesset, frå 2006 til 2013 for Kadima, Ariel Sharons parti. Han har dei siste dagane snakka om livet i rakettregnet til erklærte Israel-venner og norske utanrikspolitikarar med blanda sympatiar.

I heile det vaksne livet sitt har han budd i kibbutzen Kfar Aza, halvannan kilometer frå Gaza-grensa. Avstanden er så kort at folk i området har 15 sekund på seg til å søka ly når rakettalarmen går. Alarmen kjem ikkje i form av sirener, men som meldingar over høgtalarar. Alle heimar har bombesikre rom, og utandørs er det 150 meter mellom kvart tilfluktsrom, som på kvart busstopp eller på leikeplassar. Fleire tilfluktsrom er finansierte av HJH..

Situasjonen har halde fram sidan 2002. I periodar kan det vera heilt stille, men ingen veit når neste angrepsbølgje startar. Uvissa er der alltid. Den gneg på alle.

Verst for barna

Vi spør Hermesh kva som er vanskelegast med livet i bomberegnet. Han svarer utan å nøla:

– Det er situasjonen til barna. Den er ille. Rakettane kan medføra store materielle og fysiske skadar, sjølv om det ikkje er så mange liv som går tapt på israelsk side. Men skaden barna må bera med seg, er psykisk. Dei er påførte posttraumatiske lidingar, og alle som er 17 år eller yngre, har levd under desse tilhøva heile livet sitt. Dei kjenner ikkje til noko anna, seier han til Kristelig Pressekontor.

Hermesh seier angrepa er retta mot sivile mål, og at Hamas vil ramma menneska.

– Barna våre har fått permanente skadar, for du blir aldri heilt bra etter posttraumatiske stresslidingar. Dei er så redde at dei blir skremde av at nokon bankar på døra, fortel han.

Venner i Gaza

Hermesh seier han har mange palestinske venner.

– I åra etter den første Oslo-avtalen i 1993 arbeidde eg tett saman med palestinarar frå Gaza, seier han og fortel korleis titusenvis dagpendla frå Gaza til Israel for å jobba eller gå på skule.

Han har hatt mange og lange kveldar i samtalar med palestinarar på Gazas lange sjøside eller i kibbutzen han var med på å bygga opp. Men dei tidene er omme, knust av intifada-valden og dei israelske mottiltaka. Hermesh veit ikkje om han tør å håpa på at dei skal bli som før igjen.

– Opplevinga den gongen var at vi hadde eit greitt naboskap. Eg har framleis venner i Gaza, og dei har venner i Israel, seier han.

Hermesh melder om hyppig telefonkontakt framleis, men treffast kan dei ikkje. Det ser han på som trist.

– Dei snakka til og med hebraisk, og i åra sidan vi vart kjente, har mange vorte foreldre og besteforeldre. Også dei ønskjer forandring, seier Hermesh og legg til at palestinarane tente mange gonger meir i Israel før enn dei no gjer. Svært mange har ikkje eingong jobb lenger.

– Dette er heime

– Sidan livet er så vanskeleg, har du nokon gong tenkt at du skulle flytta frå området?

Hermesh ler godt.

– Alle journalistar spør om dette. Men eg har budd i Kfar Aza i 54 år. Her bur familien min, og barna mine er vakse opp her. Alle i kibbutzen kjenner kvarandre, og kjensla av fellesskap er sterk oss imellom. Vi støttar kvarandre. Dette er heime, seier Shai Hermesh og held fram:

– Dessutan, kor skulle vi dra? Til Noreg? Vi har ikkje noko land i nærleiken å dra til, ikkje noko Sverige som næraste nabo, seier mannen som vart fødd i Tel Aviv av ein ukrainsk-jødisk far og ein estisk-jødisk mor. Dei kom til Palestina i mellomkrigstida. Sjølv vart han fødd i 1944 og er eldre enn staten Israel. Det er her han høyrer til, ingen andre stader. KPK

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.